"Det vil også komme kaffe, og flere andre
produkter", skriv klubben i ei pressemelding. Lanseringa vil finne
stad nokre hundre meter utanføre Åråsen, på Lillestrøm
stadion, i morgon klokka 13.15. Eg har allereie sendt dressen til renseriet.
For ein merkedag!
24. juni 2008 - Betre med ein fugl i omnen enn
ti på taket
For då kan ein taka på seg kjøkenhanskane,
stikka armane inn i omnen, festa greipet rundt fuglen, bera han ut på
terrassen og kasta han opp i lufta. Og skryta av det etterpå. Men
for fuglen er det sikkert keitt. Så mykje sot, veit du.
18. juni 2008 - For at det ikkje skal verta så
trist på BLÅGGEN
16. juni 2008 - Esbjörn Svensson laga så
mykje fint
Det er utruleg trist at han døydde allereie no. Han skulle jo framleis
laga mykje fint. Er ikkje rart det regnar så mykje i sommar. Det
må vera nokon som er triste i himmelen. Til dømes fuglane.
Eg er sikker på at fuglane elskar musikken til Esbjörn Svensson
Trio. Eg let opp glaset og spelar "Seven days of falling" for
dei. Det er minnestund på Skedsmokorset.
16. juni - Teikn i fart
Dette er sommar:
Køyra sørover på E6.
Få sola i auga og sleppa unna ho med solskjermen.
Kjenna lukta av spylevæske gjennom det opne vindauget etter å
ha spylt med spylevæske berre for å kjenna lukta.
Køyra i ti sekund.
Få alt vatnet i heile himmelen på panseret
og frontruta.
Kjenna lukta av våt asfalt gjennom det opne vindauget etter ikkje
å ha hatt tid til å lukka det etter spylevæskespylinga
fordi regnet kom så snøgt.
Køyra i ti sekund.
Pent vêr att.
15. juni - Byfest
Byfesten skylde innover Lillestrøm med kraft og klem i helga, ja,
heilt sidan onsdagen! Byfest, byfest, byfest. Det kunne vore fest i kva
by som helst for eit utrent auge. Men når du like før midnatt
går inn på ein plass og får
-fotballsongar
-dårleg rockeband
-30-åringar med cowboy-hattar i leopardmønster då er du i Lillestøm.
7. juni - Norske sauen sin dag I dag, og kvar dag (iallfall fram til slaktinga) er det norske
sauen sin dag. Sauar er flotte dyr. Dei brekar så flott. Bææææ,
sier dei. Eg trur det tyder 'hurra'. Dei må jo vera glade, dei har
så mykje gras å eta. Og dei elskar å eta gras. Eg ville
sagt 'hurra' om eg hadde mykje godt å eta. No drikk eg kaffi. Men
eg likar det òg, så eg seier 'hurra'. Hurra. Hurra for kaffi,
hurra for sauen og hurra for Kjartan Fløgstad som har fødselsdag.
Ja, og hurra for Noreg! Det er jo unionsoppløysingsdag.
6. juni - Svenska flaggans dag
I dag er det jo svenska flaggans dag. Og då firar
dei. I Noreg feirar vi grunnlovsdagen, mens dei altså firar i Sverige.
Litt dumt, for då får dei jo liksom aldri heist detta flagget.
FOR Å FIRA ER JO Å HEISA NED FLAGGET, HAAA HA HA HA HA HA
HA HA HA!
Eg heiar på Sverige i fotball-EM. Det byrjar i
morgon, je je je. I morgon er det òg musikken sin dag i Oslo. Det
er også je je je.
1. juni 2008 - Sommaren er svensk. Soger, sving
og progg på orgel Sommaren er berre nokre dagar gammal. Men allereie har han fått
ein tendens. Det er ein musikalsk tendens, og han er svensk. Musikken
har alltid mykje å seia. Jula 2007 var til dømes tidleg Ole
Paus og gammal blues frå Paramount. Påska i år var Farmers
Market. Lesedagane før eksamen var Knut Reirersrud.
Alle tider har eit eller fleire slag musikk som set preg. Preget er det
ein høyrer spesielt mykje på, noko som knyter seg til det
minnet ein har om til dømes jula, påsken eller ein annan
tid det året. Jf. "vår song", "å, det
er så jævla sommaren 2003" eller "fakk, russetida
all over". Ikkje noko oppsiktsvekkande med det. Det er berre
for å laga ein overgang til kva innlegget skal handla om. For så
langt har sommaren vore, som sagt, svensk. Det har vore Dungen og Cornelis
for alle pengane. Og to (eller tre (eller fire)) til. Og det er dei eg
skal skriva om no. Det er dei som er soger, sving og progg på orgel.
For det fyrste er det ein duo (som då er to av
dei tre (eller fire)). Dei heiter Sagor&Swing.
Å, faan. No innser eg at eg eigentleg ikkje har noko å koma
med. Eg ville eignentleg berre ramsa opp kva eg har høyrt mykje
på dei siste dagane (og året). Men det held jo ikkje når
ein fyrst har laga ei innleiing.
Sagor&Swing, altså. Dei er svenske. Og ... ja, det er jækla
feitt å høyra på. Det er eit orgel og eit trommesett.
Dei spelar ikkje saman lenger no. Men dei gjorde det før. Og gav
ut nokre platar. Eg har nokre plater, tre. Og det er feitt å høyra
på. Som sagt. Ja. Altså. Sagor&Swing.
Dei er, altså, ja, det som får dei til å
gå så godt i lag med sommaren, eller, dei er så sommarlege,
det er skog og glede og, ja. Eg høyrde dei for fyrste gong for
to sommarar sidan, kan henda er det berre dét. Dei er sommarlege
i skallen.
Eg kan freista å trekkja ei line, då. For
eg veit om ein. Det går ei line bakover i tida. Til ein til (eller
to) som eg òg har høyrt mykje på (eg har berre høyrt
mykje på han eine, men før var han mykje saman med ein annan,
og det er dei to, som duo, som ligg i enda av den lina eg freistar å
trekkja, eller som allereie er trekt, men som eg teiknar på nytt
i denne blåogen (uttalast 'blååoug')), og han heiter
Bo Hansson. Han har laga ei plate som òg er ... jækla feit.
Den heiter Lord of the rings. Eg har lese boka, eller bøkene,
Lord of the rings. Og sett filmane. Eg tenkjer ikkje JESS, JE
JE JE når eg tenkjer attende på dei. Eg er ikkje så
glad i sjangeren som heiter 'fantasy' av di det høyrest meir ut
som ein sjanger enn 'fantasi', sjølv om det i seg sjølv
eg litt dumt, engelsken altså. Så, sidan eg ikkje tenkjer
JESS, JE JE JE, tenkte eg heller ÅH, BLÆ, når eg såg
at Bo Hansson hadde ei plate som heitar Lord of the rings. Men
det var feil.
For plata Lord of the rings er i alle høgaste glad JESS,
JE JE JE! Det er plata Lord of the rings som er 'progg på
orgel' i dette innlegget. Eg veit ikkje heilt kva progg er. Eller, eg
veit at det er 'progressiv rock (stein)', men eg veit ikkje heilt kva
dét er. Men det er fint å seia. Progg progg progg.
Men. Bo Hansson. Eller, fyrst, Lord of the rings,
plata, er òg ei plate eg har høyrt mykje på denne
sommaren, i tillegg til tre plater som Sagor&Swing har laga. Og som
då altså har vore med på, og framleis er med på,
å gjera denne sommaren svensk (sjølv om eg til no berre har
vore i Noreg, faaagre Noreg).
Men. Bo Hansson, han laga òg mykje musikk saman med ein som heiter
Karlsson. Eller Carlsson. Eg veit ikkje. Han var uansett trommis, Karlsson/Carlsson.
Og Bo Hansson laga platar saman med han. Og dei var sikkert òg
feite (ja, 'feite' tyder då 'utruleg bra', ikkje 'tjukke' (for dei
er magre i kroppsfasongen (Carlsson/Karlsson er kanskje den største
i dag (i kropp), men framleis langt frå å kunne kallast 'feit'
som i 'tjukk'))). Og dei laga òg utgangspunktet for den lina eg
freista, og framleis freister, å teikna bakover frå Sagor&Swing.
Æh, kan henda er det enklare å berre syna
fram ein film eg fann på YouTube. Ja. Her er ein film om Hansson/Karlsson(eller
Carlsson) som teiknar den mykje omtala (i denne blåogen) lina fram
til Sagor&Swing.
Sånn heng det altså saman. Konklusjonen er:
Sagor&Swing er feitt. Bo Hansson er feit. Hansson/Karlsson(Carlsson)
er sikkert feite, men eg har ikkje høyrt noko av dei (anna enn
det du nett såg i filmen). Men historia stoggar ikkje der. For no,
no skal eg skriva noko som hende i går, på laurdag.
Eg låg ute i sommaren, i ei fjellside mellom Fåvang
og Ringebu, i graset og kjende sola steika den kvite, kjøtlause
kroppen eg ber. Og ved mi side, ein radio. Og i radioen (klokka var mellom
15 og 16), Englefjes med Kari Slaatsveen, den nest beste radiorøysta
i Noreg (etter O'Knut Borge).
Og det er då det skjer noko eg synest er skikkeleg artig.
Ho fortel at ho no, frå den nemnde laurdagen, og to-tre veker fram
i tid, skal spele seg gjennom heile Lord of the rings av Bo Hansson.
Ja, det var det. Eller, dett var dett. Det var det eg ville fortelja,
trur eg.
NO kan eg koma med ein konklusjon, gløym
den førre konklusjonen. No kjem konklusjonen:
Sagor&Swing er feitt. Dei vart til av di Karlsson(Carlsson) møtte
Hansson på 60-talet og spelte inn nokre proggplater med trommer
og orgel. Det er ei line.
Bo Hansson er feit. Han laga ei plate som heiter Lord of the rings.
Kari Slaatsveen skal spela heile plata dei komande vekene. Du lyt høyra
på det (òg av di programmet hennar er flott i seg sjølv,
Englefjes). Du lyt òg høyra på Sagor&Swing, for dei er
sommarlege og flotte.
Eg høyrer på Sagor&Swing og Bo Hansson og kjem til å
halda fram med det denne sommaren.
Difor vert sommaren svensk, med soger, sving og progg på orgel.
DER, der vart ringen slutta. Eg slutta ringen, eg er
lord of the rings.
30. mai 2008 - Dagbok og fotball Farfar og oldefar skreiv dagbok. Eg vart klar over det då
eg var 10 år. Det var fantastisk å sjå skrifta deira
på prent. Fleire tiårgamle kråkeføter om alt
som hendte i Volda frå siste halvdel av 1800-talet og framover.
Eg kom fram til at eg måtte gjera det same.
Så, i 1996, byrja eg skriva dagbok. Diverre var eg ein dårleg
dagbokskrivar. For det fyrste skreiv eg om mykje meir uinteressante ting
enn gamlereitane. For det andre skreiv eg nesten ingenting. Skrivinga
stogga sommaren 1998. Då hadde eg rundt 20 innlegg. Dei fleste handla
om kva me, syskena i familien, fekk i julekalenderen vår.
Eit døme: "Onsdag 18/12 1996: I dag fikk jeg kalenderpakken.
I pakken var det en blyant. Senere på kvelden var det avsluttning
[sic] for klasse 4c (som jeg går i)."
Tanken var nok at dette skulle verta spennande lesnad for komande generasjonar.
I beste fall er det humre-humre-interessant for meg no, 12 år etter.
Men det var då gull innimellom. Til dømes
eit kjenslelada (nei, eigentleg nøytralt og kjenslefattig) innlegg
frå då Barek vart lagt inn på sjukehus:
"Kjære dagbok! Ved middagsbordet i dag ble jeg så sint
at jeg låste meg inne på boden. Ca. kl. 7 om kvelden ringte
pappaen til Per Christian og sa at PC [seinare "Barek"] var
innlagt på sykehus fordi han hadde stått på slalomski
og hoppet på et 2 meters høyt hopp og brukket benet. Ca.
kl. halv åtte dro jeg og pappa til S.I.A. Vi hadde kjøpt
et fotballblad, et Donald-pocket og en pose sursild. Han lå på
rom 708. Han hadde det fint rundt seg. Han hadde en skuff full av godteri.
På veggene var det fine bilder av en bondegår. Han hadde fått
mye fint til jul han også. Etterpå dro jeg og pappa hjem og
så hadde vi det hyggelig resten av kvelden."
Men, det var noko anna som fekk meg til å leita
fram Dagboka. Landskampen mellom Noreg og Uruguay som skulle spelast seinare
same kvelden, på onsdag. For det er jo omtrent 10 år sidan
me var i VM og spelte ein annan viktig kamp. Og då var fotballen
noko heilt anna, det var eg sikker på. Så eg måtte konsultere
Dagboka. Og jaggu; siste innlegg, datert 23. juni 1998, var skive i lukkerus
og høg grad av affekt. I ei skoøskje fann eg òg eit
utklypp frå "VG-analysen":
Den gongen me hadde suksess (Vidar Riseth fekk berre
5 på børsen. Dan Eggen fekk 7 og hadde høgt hår).
Dagboka seier: "Tirsdag 23. juni 1998: St. Hansaften.
Norge spiller mot Brasil i Marseille [dramatisk presens!]. Etter 78 minutter
scorer Bebeto for Brasil. Norge må vinne for å komme til åttendels
finalen [ja, ja, eg var 12 år] fordi Marokko leder over Skottland.
Og så kommer Tore André Flo på venstresiden. Han går
forbi en spiller, skyter og scorer! 1-1. Norge må ha ett mål
til. Og så i det 89. minutt blåser dommeren for straffe til
Norge! Kjetil Rekdal skal ta den som vandlig. Løper mot ballen,
skyter og SCORER til høyre for Claudio André Mergan Taffarel
(keeperen til Brasil). Norge leder 2-1 over Brasil i en VM-kamp. På
overtid får Brasil et frispark fra 30-40 meters hold. Han skyter
hardt ned i Frode Grodås sitt venstre hjørne, men Grodås
er der og redder. Og så blåser dommeren, NORGE har slått
Brasil i en VM-kamp. Norge skal møte Italia i åttendels finalen
på lørdag."
På onsdag spelte Noreg 2-2 i ein kamp det ikkje
var noko å skriva heim om. Det var ikkje ein gong noko å skriva
i ei dagbok om. Det har eg heller ikkje gjort. Eg har ikkje skreve dagbok
i det heile sidan Noreg vann over Brasil i Marseille. Like greitt.
Det får halda med denna blåågen.
Neste innlegg skal handla om Sagor&Swing og Hansson&Karlsson.
Det kjem på sundag, tenkjer eg.
28. mai 2008 Sjølv om det nesten er natt:
Hahahah, sommar!
I morgon skal eg skriva litt om fotball. Og trekkja dei
lange linene. Eg fann nemleg ei dagbok frå 1996-98. Og på
tampen av den perioden skjedde det store saker under Drillos,
det kan eg lova deg!
27. mai 2008 - Å, Korset. Mitt Korset Kva skal ein vel
med fjord og fjell?
27. mai 2008 - Kjære Jokka Joachim
L. Grønsveen, det har no gått over to år sidan
19. april 2006. I dag såg eg på datamaskina mi og tenkte:
"Ja, det er vel greitt. Han gjorde vel det som måtte gjerast".
Eg har endeleg lagd det bakom meg, Joachim. Eg har innsett at det er sånn
det må vera. Og eg synest det er heilt greitt. Takk.
Men det er framleis synd du måtte på sjukehuset
og operere ut plastikken etterpå. Vonar det går bra med deg.
24. mai 2008 - Blomar
Carl von Linné!
Sånn skal denne forteljinga frå røynda byrja. Intet
mindre.
Carl von Linné!
Og det er ei kraftig opning, eg er klår over det. Von Linné
er ein storleik, ikkje berre i Sverige, ikkje berre i Norden, men i verda.
Noreg har Ibsen og Hamsun. Finland har Jean Sibelius. Dansken Søren
Kierkegaard er vel kjend der ute. Kan hende har folk høyrt om H.
C. Andersen òg. Carl von Linné må vel kunne seiast
å vere ein person ein kan nemne i same andedrag om andedraget har
merkelappen "viktige nordiske menn, verdsmålestokkarar".
Og då skjønar ein at ein har å gjera med ein bauta
i verdsforteljinga. Likevel opnar eg med han. Om det er dristig? Ja.
Eg skal jo trekkja liner frå Carl von Linné! Ned frå
eit av dei største arbeida gjort innan botanikken, ned til vårt
eiga hus. Til Huset.
Eg samanliknar ein av dei store menneska i verda med Huset. Og får
gåsehud. Ikkje av di eg tuklar med noko større enn oss sjølve.
Nei, av di eg meiner vi sjølve, i Huset, er ein av dei!
Carl von Linné og oss! To jamnstore storleikar!
Kan du tru det?
For ein månad sidan fekk me nokre blomar av Kristin.
Ho hadde plukka dei til oss i Huset, som ei gåve. Ei vårgåve.
Hestehov, nydelege blomar. Vårblomar av høgaste kvalitet.
Diverre rotnar dei snøgt når ein legg dei i eit mjølkeglas
med litt for lite vatn. Men dei fekk nytt liv!
Huset gav dei liv! Og det gjev oss retten til å plassere oss i Historia
saman med sjølvaste
Carl von Linné!
Sånn gjekk det til: Mathias koka pasta.
-Pastaen skal vere al dente! sa han, Mathias frå Strømmen.
-Eg må testa denne pastaen. Er ho al dente? sa han.
Og han heiv pastaen, i ei boge frå handa og ut mot verda. Mellom
handa og verda er vindauget. Pastaen small mot glaset, det er sånn
ein testar pasta.
OG HAN HANG PÅ GLASET! Og han fekk ein fin krok på seg.
Så vart han teke ned frå glaset. Og lagd
i glaset. Nei, trive ned i glaset! Og du kan gjerne
gissa kva for glas han vart trive ned i. Hestehovglaset, ja.
I glaset no: ein klump hestehov som hadde rotna seg saman til ein ball
og ein pasta, al dente, med krok.
HEUREKA!
Plutseleg var vi der! Saman med Carl von Linné.
Parallelt i stordomen. Han, den store innsamlaren av informasjon
om blommar. Oss, det store oppfinnarkollegiet, oppfinnarar av den nye blommen.
Vi tok arbeidet eit steg vidare, så å seia.
Eit nytt slag, heimelaga på kjøkenet. Vips, vi skauv Ibsen
og Hamsun eitt steg ned på lista over nordmenn. No var det Huset
(Noreg), von Linné (Sverige), Sibelius (Finland). Dei store nordbuarane.
Hald deg fast, ven. Og sjå! Vi gjev deg: SPAGETTIBLOMA.
23. mai 2008 - Dan som er sammærn
No er eg ferdig med skulen for i vår. Det er godt og rart, fint
og trist. Her er dei to tinga som skjedde før og under eksamen: 1. Eg drøymde at eg drap Paul McCartney. 2. Ein av eksamensvaktene likna kjempemykje på
Paul McCartney.
Det var rart. Men han var kjempesnill, altså, eksamensvakta. Eg
ville aldri finna på å drepe han. Eg vil aldri drepa nokon.
Eg vil heller aldri døy. Kan det vere ei avtale, Verda?
Noko som er eit kjedebrev
frå Kristin:
"Kolonneføreren skrek med jevne mellomrom: -Mø-ørtel!
Og Sjukhov: -Mø-ørtel! Han som henger i og får arbeidet
unna blir nesten som en slags kolonnefører sjøl."
Noko eg lurer på: Kva tyder Mc i namn? Som til
dømes allereie nemnde, drepne og gjennoppliva McCartney.
Wikipedia hadde sjølvsagt svaret:
"Mac: for most purposes, taken to mean "son of", as in
Mac Néill (son of Neil). However, literally, the "of"
part does not come from the "Mac" prefix but from the patronymic
that follows it. E.g., in the case of MacNéill, Mac merely means
"son", "Néill" (meaning "of Neil")
is the genitive form of Niall ("Neil"). In some cases if the
second word begins with a vowel Mac then becomes Mag, as in Mag Eocháin."
Frå same artikkel:
"In Burundi and Rwanda, most, if not all surnames have God in it,
for example Hakizimana (meaning God cures), Nshimirimana (I thank God)
or Havyarimana/Habyarimana (God gives birth). But not all surnames end
with the suffix -imana. Irakoze is one of these. (technically meaning
Thank God, though it is hard to translate it correctly in English or probably
any other languages.)"
22. mai 2008 - Dan føre sammærn KRISE! Eg gløymde å leggje ut teikneseriestripa
Gustav og Gustav førre veke.
MEN ! Då kjem det jo to no. Både "Gustav og Gustav og
hòlet", stripa med røyking, og "Gustav og Gustav
og Roma", stripa med brus.
Når det gjeld siste forteljing, lyt eg kome med
nokre merknader. 1. Roma er både namnet på
ein by i Italia (hovudstaden) og ein mineralvatnprodusent på/i Lillestrøm.
2. Kjeller flyplass er ein småflyplass. Ein
av dei eldste i verda som framleis vert nytta. Men det er ikkje passasjertrafikk
derfrå. Så det var heller ikkje noko styr då det var
streik tidlegare i veka.
3. Om ein betalar 66 kroner for
to bussbillettar når ein skal til Lillestrøm, kan ein til
dømes ha sone N-05 som utgangspunkt. Sone N-05 byrjar ved Lurudvegen
(Vardeåsen nærmiljøsenter) når ein kjem frå
Lillestrøm. Vardeåsen ligg òg i N-05. Når eg
skal til Lillestrøm, må eg betale 33 kroner. Det er mykje.
Det som er morosamt i "Gustav og Gustav og Roma", er at dei
kjøper billettane frå eit reisebyrå. OG DET FINST IKKJE
EIT EINASTE REISEBYRÅKONTOR I SONE N-05! Hahahahahaha. 4. Flux Soda er kongen av Roma Mineralvatn-brus.
Ja, og noko heilt anna:
Frå i morgon, når eg er ferdig med skulesemesteret og har
levert inn eksamen, byrjar eg nytte a-infinitiv. Av di folket rår!
20. mai 2008 - MUSIKKVIDEO: Ja, me elskar
you go-go No vert de jaggu skjemt bort, kjære lesarar. For her er
endå eit filmklypp!
Denne gongen har Huset vorte vitja av den høgst talentspekka kvartetten
Fire bryllaup og ein stylofon. Eller Bunad og banjo, utan
banjo. Eg hugsar ikkje heilt kva dei heiter. Eller dei har ikkje
namn. Det er uansett nydelege greier.
-Det skal ikkje stå på kvaliteten, heiter det i ei konsertmelding
som er å lese i massemedia.
Medverkande: Idun (kraftpiano og bunadsølv), Håkon
(stylofon og munnspel), Mathias (rytmeseksjon og fri-orgel)
og André (melodika/blåsepiano).
Komposisjonen kan godt heite Ja, me elskar you go-go,
men han kan like gjerne lyde namnet Wake me up before det stig fram,
fyrrig, vêrbiten. Det er ein fri-pop-improvisasjon over kjende
og kjære popmelodiar signert Nordraak/Wham.
14. mai 2008 - FILM: Irland-Empire
Fyrst nokre ord om filmen. I 1973 vakna tre finnar opp i Irland. Ein av
dei heitte Empire. Han kom frå Nord-Finland (nær Lappland).
Dei to andre heitte Riisto og Juha. Dei bur der enno, men har ikkje funne
seg til rette. Dei er plaga av sakn. Dei saknar heimlandet. Og berre ein
ting er sikkert; dei kan aldri reise heim til sitt kjære Suomi Finland.
For dei har ikkje pengar til billettane.
Men midt i saknet freistar dei finne små punkt i kvardagen dei kan
klamre seg fast i. Til dømes ein stol og ein syngjebenk.
Filmen er produsert av Nynorsk film i 2008. Det er oss.
Vi er stolte av filmen vår. Her kan du sjå han:
11. mai 2008 - Triks
No har det vore fleire dagar med fint vêr. Nokre av dagane har vore
i Parken. Parken er heilt ny for oss, men han er sikkert litt gammal.
Vi har hatt det fint der. Ein gong kasta vi sendeplate og gjorde triks.
Her er tre feite filmar.