Nynorsk film

Irland-Empire

20. mai 2008

Det har allereie vore premiere på veven. Og vi veit ikkje om det vert premiere i heimen. Men det vert premiere på kinolerret, men ikkje før til hausten 2008. Du kan jo likevel sjå han her no, då. Det er ein fin film.

Premiere på lerret

12. mars 2008

I kveld skal Trondheim filmklubb halde "Lokal filmkveld". Vi har sjølvsagt sendt inn Agnes i senga. Og sidan dei har lova å syne fram alt dei fekk inn, vert det kinopremiere på Nynorsk film-filmen i kveld. Klokka 20.00. Hurra!

Premiere

4. februar 2008

No er han her, no er han komen ut på veven.

Pressemelding

23. januar 2008

Filmen Agnes i senga er ferdigklipt. Og ferdigteksta. Det som står att før premiere, er lydsporet med musikk. Det kjem snart. Dei som har laga filmen, Familien i Huset, har skipa eit produksjonsselskap. Namnet er klart, men ikkje logoen. Så det kjem snart det òg. Det er store dagar for produksjon her i gården. Å nei, for det er ikkje berre film vi lagar. I dag, til dømes, lagde alle både frukost og middag.

Plakat

Nynorsk Film

21. januar 2008

Nynorsk Film

Produksjonsselskapet Nynorsk Film, som held til i Huset, har nett offentleggjort at deira nye spelekortfilm, som skal heite Agnes i senga, vil ha si premiere her på nettstaden om kort tid.

Etter innspeling førre laurdag, ligg filmen no på klippebordet. I følgje kjelder i produksjonsgruppa, skal han vere klar for framsyning om mindre enn sju dagar. Nynorsk Film har tidlegare gjeve ut Mathias si nye seng, ein snutt om ein gut og senga hans.
-Dette vert noko heilt anna. Og mykje større, seier debuterande regissør André.

Nynorsk Film

PRESSEMELDING: Agnes i senga

21. januar 2008

Agnes

Produksjonslaget bak Agnes i senga i full sving ved klippebordet. Berre musikksporet og dei grafiske elementa står att å fikse før deira første spelekortfilm kan få si premiereframsyning. F.v.: Håkon, André og Mathias.

Agnes i senga handlar i det store og det heile om livet. Forteljinga er lagt til ein familie på eit kjøken ein stad i verda, kan hende litt austafor og sør for Noreg. Og kan hende til ei svunnen tid. Det er mange opne rom filmen legg att som sjåaren kan tolke og røre seg i.
På yta handlar han om Far, Fotballspelaren og Guten utan føter og samspelet mellom dei då Fotballspelaren kjem heim frå eit proffeventyr i utlandet. Han kjem heim for å ete Far si vidgjetne gulsuppe, men han får mykje meir enn bare det.

- Agnes i senga, det vert ikkje det same baklengs. Ekte heltar døyr ikkje, dei berre lader om. Di større hit, di vanskelegare er det å følgje opp. Agnes i senga er ein film om kjensler, seier skodespelaren Håkon.

Agnes

Skodespelaren Håkon (t.v.) og filmmusikkomponisten Mathias har lagt ned mange timar hardt arbeid i Agnes i senga.

Agnes

Skodespelartroikaen Mathias (t.v.), André og Håkon spelar før første gong i same film. På kvar sine kantar har dei spann og trillebårer med skodespelarerfaringar, m.a. frå "Måken Jonatan", "Klin kokos", "Snikende presse, skjult korrupsjon" (Mathias), "Juleevangeliet", "Noe fra steinalderen", "Jeg var en bjørn" (Håkon), "Duften av røk", "Prinsesse Vilikke", "Julius og julegeita" (André).

TIL TOPPEN